...av grønne fingre og Lerumske lidenskaper



fredag 15. juni 2018

Camping-hage-logg

Kjære eventuelle lesar!

Dette er ein liten logg, mest til eige bruk, berre for å hugse kva eg sådde kvar.

Det kjem meir underhaldande innlegg etter kvart. Lovar!

Ruccola og reddik vart sådd 2. juni. Purren og chilien bak er kjøpt på gartneriet på Leikanger, 

15. juni måtte det tynnast. Desse "babyane" smakar kjempegodt! Eg
lar det stå att nokre litt tett, så kan eg tynne etter kvart. 

Stakkars bortskjemte svenskeplante frå økologisk utsal på Nesodden! "Den tåler ikke vind", sa dama. Sidan den kom i jorda her omlag 25. mai, har vi hatt åtte-ti rundar med ekstremvind. Kompisen ga opp, men denne lenar seg inntil campingvogna og blomstrar på trass!

Markjordbær og to typer sukkererter.
Den gamle nettingen fekk ein runde metallspray, og vart supertfint klatrestaiv opp etter stabbursveggen. Marias gamle keramikk-dragar held vakt, ikkje in brunsnegle å sjå så langt :)

Salvie, brønnkarse og timian kjøpt på Stedje gartneri. Ellers prøver eg å halde liv i butikk-urter,
men dei er nok ikkje skapt for det harde livet på husmannsplassen...




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar